Tafjordfjella - Zakariasdammen-Reindalsseter-Veltdalshytta
Dette er ein tredagars tur, med utgangspunkt ved Zakariasdammen i Tafjord. Vi har gått til Veltdalshytta eit par gonger tidlegare, da frå Billingen i Skjåk, om lag 17 km. Nå valde vi å køyre til Tafjord, for å få ein rundtur.
Frå Tafjord går det bilveg inn til Zakariasdammen, det er parkering der vegen sluttar. Første del av fotturen går langs Zakariasvatnet, stigen går slakt med variert underlag, vassmengd og nedtapping avgjer kor nær vatnet du går.
Vi tok ein rast i ura mot enden av vatnet, før vi begynte den første oppstiginga, som går bratt opp mot Reindalsfossen. Så slakar det meir ut i eit parti mot Sildevatnet. Derfrå går det bratt opp til Haugane, før landskapet opnar seg mot Reindalen.
Reindalsseter tilhøyrer DNT Sunnmøre, hytta er betjent og har 76 sengeplassar, 44 senger kan bestillast på førehand, noko som også er tilrådd.
Frå Reindalsseter til Veltdalshytta kan ein velja mellom to ruter. Den eine går om Nedre Veltdalen, den andre er lengre og går om Hulderkoppen. Det var den vi valde å gå på veg inn til hytta. Det er jamn stigning opp til botnen av Hulderkoppen, ved ngangen til dalen gjekk vi over ei bru og inn på Rønnebergråsa.
Denne ruta har namn etter Joachim Rønneberg, ein av sabotørane frå Kompani Linge som heldt til i Veltdalen under krigen, og som fekk opp og budde i den primitive nødbua Fieldfarehytta frå 1944-1945. Rønneberg måtte ta turar ned til Reindalsseter, og brukte da gjerne denne vegen.
Stigen går oppover og følgjer fjellsida under Naushornet. Oppe i høgda er det flott utsikt til Svartegga og andre fjell. Vi opplevde skodde som rivna og viste oss landskapet. resten av turen hadde vi klarver.
Rønnebergråsa kjem tilbake til Hulderkoppen i 1300 meters høgde. Så går stigen til venstre, vi har da Langfonna på høgre side. Det høgste punktet er på 1510 meter. Derifrå går det nedover mot heimste Veltdalsvatnet. Frå enden av vatnet gjekk vi til Fieldfarehytta, det er skilta dit. Her budde sabotørane Joachim Rønneberg, Birger Strømsheim og Olav Aarsæther i eit år, oppgåva deira var å øydeleggje kommunikasjonane i Romsdal og Lesja. Det vil seia, det var ikkje i den bua som nå står der, den er borte, men sommaren 1990 vart det reist ein kopi.
Opphaldet kan ein les om i boka "Tungtvannssabotøren" av Gunnar Myklebust, ei bok som sjølvsagt er på plass i Veltdalshytta. Det er også mogleg å overnatte i Fieldfarehytta, for dei som vil prøve korleis det kan vera å bu så enkelt.
Veltdalshytta er ei av dei større og mest komfortable sjølvbeteningshyttene i Tafjordfjella. Det er vertskap der, som viser deg til rette og fordeler oppgåver med vasking og liknande. Frå hytta er det flott utsikt mot Tordsnose og Nausthornet.
Vi gjekk tilbake til Reindalsseter om Nedre Veltdalen, og vidare til Zakariasdammen og bilen som venta. Dette er også ei fin rute, langs Smettevatnet og Veltdalselva. Dalen er bratt, men stigen er god. Enkelte stader er det bora steg i fjellet, og det er lagt ut tau.
Tafjordfjella er eit fantastisk turområde, men mange moglegheiter.
Den som vil vera over ein dag ved Veltdalshytta, kan ta turen til Karitind, elles går det stigar til Pyttbua, Torsbu, Danskehytta og til Billingen.