Kongevegen Filefjell - Lærdal
Da vi skulle gå delar av Kongevegen Filefjell-Lærdal, valde vi to enkle etappar. Den eine Vindhellavegen, den andre Galdane-Seltunåsen.
Vindhellavegen startar ved Borgund stavkyrkje, som er skilta med avkøyring frå E16. Rett nedanfor nykyrkja er det eit kart som viser ein rundtur, derifrå går du stigen opp Keisarlunden, der skilta viser til Vindhellavegen og til Sverrestigen. Gå til høgre og følg stigen til du kjem til Kongevegen, ein graskledd brei veg. Vindhellavegen er nok den mest fotograferte på heile Kongevegstrekninga, der den svingar seg elegant nedover bratta.
Vindhellavegen, slik han ligg i dag, var køyreveg og bygd i perioden 1840-43. Ein ser også restar etter ein gammal veg her og der. Det er ein lett veg å gå, og det tar ikkje lang tid før ein kjem ned på gamle E16 ved Rimskjold. Du kan gå tilbake same vegen, eller gå Sverrestigen opp att, slik at det blir ein rundtur. Da går du ca 50 meter på gamle E16 i retning Borgund, det er lett å sjå skiltet. Stigen har namn etter kong Sverre, soga om han fortel at han reid her i 1177. Dette var hovudveg fram til 1790-åra.
Galdane - Seltunåsen er ein annan rundtur på om lag 9 km. Turen startar ved Sjurhaugen. For å koma til parkeringa, køyrer du av E16 like etter Seltatunnelen (om du kjem frå Lærdal, like før tunnelen om du kjem austfrå. Du går over brua over Lærdalselva og kjem snart inn på Kongevegen, der du tar til venstre. Ein fin brei grasveg, mellom blomeeng.
Kongevegen her blir også kalla Galdavegen. Etter kort vandring kjem du til Olavsklemma, ei kløft i fjellet. Segna fortel at Olav den heilage laga til den da han for gjennom dalen. Ein passerer husmannsplassen Bruknappen og Glorhelleren. Vegen følgjer terrenget opp og ned bakkar, ved Laukebergbakken måtte det byggjast murar og utbetrast, for her var det vanskeleg å koma fram.
Ikkje alle stader er vegen like brei og framkommeleg. Ein kan undre seg over korleis dei kom fram med kjerrer somme stader. Men ein del vindfall er nok av nyare dato.
Vi følgjer vegen ned til Seltun, som ligg ved nye E16. For å ta tilbaketuren over Seltåsen, må vi gå til venstre over brua og følgje ein gangveg som først går langs nye E16, seinare over på gamle E16, til ein parkeringplass som heiter Koren. Der tar ein til høgre opp Den Bergenske hovedvej, også kalla kaptein Finne sin veg, den er skilta Seltunåsen (ikkje Kongeveg). Det er ein brei graskledd veg som er meir tilpassa den tidas køyrety, og dermed også lett å gå.
Vegen møter fleire plassar Postvegen, som er ein stig ein også kan velja å gå. Frå vegen her kan ein sjå over til husmannsplassen Galdane, som ligg litt opp frå vegen der vi gjekk nedover.
Fleire plassar langs vegen er det fine murar, over gjelet i Gravdalen er vegen lagt på ein 16 meter høg frittståande mur. Det er stor ingeniørkunst. I Gravdalen budde det i 1875 tre familiar med 12-14 medlemmar. Dei hadde 2 kyr, 1 sau og 12 geiter.
Vegen kjem ned på gamle E16, som ein følgjer tilbake til Sjurhaugen.