DOLOMITTENE: Dürrenstein og Tre Cime (Drei Zinnen)
Da vi i juni 2023 reiste på fjelltur til Dolomittene, valde vi to utgangspunkt: Braies (Prags), i nærleiken av Toblach, og Val Gardena. Vi hadde leigebil frå München (vennene våre køyrde bil frå Norge) og køyrde via Innbruck over Brennerpasset. Overnatting var bestilt på Berggasthaus Agritur Moserhof, eit gardshotell med alle måltider inkludert (eigentleg frukost og middag, men fekk også med matpakke). Gjestehuset ligg eit stykke oppe i lia, så det var fin utsikt over gardar og fjell. Til vår overrasking kunne vi sjå rett på Dürrenstein, som var første målet vårt for fjellturar.
DÜRRENSTEIN
Dürrenstein er ein frittståande topp på 2839 moh, og ligg i naturreservatet Fanes Sennes Braies.
Frå Moserhof er det fin utsikt mot fjelltoppen Dürrenstein, og det var ikkje langt å køyre til utgangspunktet Refugio Prato Piazza. På vegen inn dit er det bom, og der måtte vi vera seinast kl 09.30 for å koma gjennom med privatbil. Bilistar som kjem seinare, må parkere ved bommen og ta bussen opp. Men bussane går med jamne mellomrom, så det er ikkje noko problem. Vi var der tidleg og kunne køyre heilt opp.
Turen frå Prato Piazza til toppen er 9 km, 850 høgdemeter opp og ned same veg.
Det er brei grusveg, som svingar seg oppover fjellsida. Etter kvart blir det litt brattare og litt tyngre å gå på grunn av høgda. Turen er rekna til å ta 4-5 timar, vi brukte litt meir. Utsikta er verdt å stoppe opp for å nyte.
Fjellsida vi går opp, har ingen av dei skarpe kantane vi ser frå andre sida. Men når vi nærmar oss toppen, får vi inntrykk av korleis fjellet tar seg ut frå ein annan kant.
Siste stykket til sjølve toppen har eit litt luftig parti, men der er det lagt ut vaier og tau og halde i, så det er greitt å koma seg over.
Like ved det luftige partiet kan ein sjå toppen med krossen på:
Dürrenstein i kveldssol, sett frå hotellet:
Tre Cime di Lavaredo
Frå Moserhof var det heller ikkje så langt å køyre til neste utgangspunkt, Refugio Aurenzo (under 45 minutt), der turen rundt Tre Cime di Lavaredo (Drei Zinnen) startar. I nærmaste by, Misurina, fekk vi høyre at det var same opplegg som på vegen til Prato Piazza, at vi måtte vera ved bommen før kl 09.30 for å kunne køyre heilt fram. Denne dagen kom vi seinare, og satsa derfor på buss frå parkeringa, avkøyring til den like før vi kom til Misurina. Det var mange bilar som køyrde vidare frå parkeringa, men vi satsa på bussen, og det var bra, for det var ei endelaus lang kø av bilar som skulle gjennom bommen. Bussen peisa forbi, og brukte ca 15 minutt opp til Refugio Aurenzo.
Det er lagt opp til ein rundtur rundt fjella, Tre Cime, som betyr tre toppar. Den største av dei, den i midten , er nesten 3000 meter høg.
Tre Cime er eit landemerke i Dolomittane, og har vore på UNESCOs verdsarvliste sidan 2009. Den bratte nordveggen er truleg eit av dei mest kjente landskap i Alpane.
Under første verdskrigen var det harde kampar her i området melom Italia og Austerrike/Ungarn, og det er framleis historiske spor frå fortida i form av t.d. skyttargraver. Da krigen var over i 1918, gjekk dette området av Sør-Tyrol, som før var ein del av Austerrike/Ungarn, over til Italia.
Ruta er lagt opp som ein rundtur frå Rifugio Aurenzo, og startar på ein brei grusveg, der det er lett å gå. Turen er populær, og ein må rekne med å gå blant andre glade vandrarar.
På første delen av ruta ser ein fjella slik som på bildet ovafor.
Lett spasertur. Etter kort tid passerer ein hytta Rifugio Lavaredo, den var ikkje betjent. Etter kvart går det meir oppover. Det går folk og stigar litt høgare oppe i fjellsida, men alle fører til passet Forcella Lavaredo.
Og ved Forcella Lavaredo viser Tre Cime seg slik dei er best kjent, men tre stupbratte tindar. Frå dette punktet går vegen nedover, vi går da med ryggen til Tre Cime, men har utsikt mot andre flotte fjellområde.
Vi har så langt følgt veg 101, litt lenger nede kjem vi til stigdele, rundturen går vidare på veg 105. Men før det går vi opp til hytta som ligg her, Rifugio Locatelli eller Drei-Zinnen-Hütte. Denne dagen var hytta stengt, men når serveringa er open, kan ein rekne med lang kø, for det var mange folk rundt der.
Den populære nordveggen, sett frå hytta:
Turen frå hytta, på veg 105, går nå i motsett retning, tilbake til utgangspunktet. Stigen er er ikkje like brei, men lett å gå. Det går meir oppover, og denne delen av turen tar nok litt lenger tid enn strekninga fram til Rifugio Locatelli. Litt over midtveges ligg det ein kafe, den var open og hadde samla mykje folk, såg vi da vi passerte.
Mot slutten av turen kan ein sjå ned i dalen og Misurinasjøen, der det var arrangert hurtigløp på skøyter under Vinter-OL i 1956.
Heile rundturen er på om lag 10 km, og det skal ta rundt 3-4 timar i normalt tempo. Vi brukte nærmare 4 timar. Høgdeforskjellen er rundt 350 meter. Turen endar på parkeringsplassen, der stoppar også bussen som tok med oss tilbake til der vi hadde parkert bilane.