DOLOMITTENE: Via Ferrata Tridentina

19.01.2024

Da vi planla turen til Dolomittane i 2023, ville Brit og eg få med oss ein Via ferrata-tur også. Sør-Tyrol er jo jarnvegens "heimland". Men kvar skulle vi finne ei høveleg rute? I kva for område? Det står omtalt Via ferrata-ruter på nettet, men det var likevel ikkje berre enkelt å orientere seg og få den informasjonen vi trong. Derfor tok vi kontakt med eit firma i Val Gardena, der vi skulle vera tre-fire dagar.  Catores (www.catores.com) tilbyr litt av kvart, vi teksta litt fram og tilbake, dei hadde tre forslag til turar. Opplysningane var ikkje så mange, men vi bestilte guiding på den som såg lengst og vanskelegast ut (innanfor vår gradering).

Vi vart litt nervøse ettermiddagen før, for da vi besøkte kontoret, var det ikkje folk der, og ingen svar å få på telefonen. Utpå kvelden fekk vi kontakt, og møtte opp på avtalt tid. Der var det også ein guide til oss to, ingen andre. Turen vi hadde bestilt, måtte vi droppe, det låg for mykje snø att på ruta. Da vart det neste på lista, Via ferrata Tridentina. Vi køyrde eit godt stykke frå Ortisei, forbi Selva Selva Wolkenstein og oppover i fjella, med Sellafjella på høgre side, til ein parkeringsplass. 

På denne nettsida står det om ruta og korleis du skal koma deg til utgangspunktet med bil.

Frå parkeringsplassen gjekk vi til første etappe av klatringa, opp 50-100 høgdemeter, deretter gjekk vi på stig i 10-15 minutt. Stigen deler seg eit stykke framme, der er det lett å gå feil for dei som går på eiga hand, ruta held til høgre (og det er ikkje avmerka). Vi såg raskt at dette er ei rute som dei fleste går på eiga hand, vi var dei einaste med guide. 

På bildet over ser vi opp på brua vi skal over mot slutten av turen, i kløfta der. Brua er tydelegare i bildet under. 

Snart var vi klare for fjellveggen. Den eigentlege ruta startar ved ein foss. 

Via ferrata Tridentina eller Via ferrata Brigata Tridentina er kalla opp etter den italienske militære troppen som faktisk starta arbeidet med å byggje den nedre del av ruta, Brigata Tridentina. Den er blant dei mest kjente og populære rutene i Dolomittane. Det er 635 høgdemeter opp, ved målet er ein på 2587 moh. Vi brukte mellom to og tre timar opp. 

Vi som har erfaring med guiding på norske Via ferrata-ruter, er vant til å ha to karabinar og ikkje vera festa i tau. Det er fordi det alltid skal vera ein karabin som er sikra. Nå vart vi knytte inn i tau saman med giuden, og hadde berre ein karabin kvar (han erstatta den andre karabinen, sa han).

Turen er lett å gå, det er gode tak, også for hendene, som på ein lett klatrevegg. Men vi brukte i ein stor grad wiren til å dra oss opp, fordi tempoet var for høgt til at vi kunne kjenne oss fram etter taka. Etter ei stund foreslo guiden at vi skulle droppe den eine karabinen vi hadde også, slik at vi berre var sikra i tauet. Da vart tempoet enda høgare, så etter ei tid bad vi om å ta i bruk karabinen att, slik at vi fekk nokre små sekund pause for å klikke oss ut og inn av wiren. 

  Her er fleire bak oss på veg opp. Det står i fleire omtaler at ruta er så populær at det er lurt å starte tidleg for å unngå ei store køane. Men sjølv om vi såg andre lag, var det på ingen måte tett befolka i veggen opp. Kanskje er midten av juni i tidlegaste laget for sesongen. 

Guiden var lokal og svært klatrevant og rask, men han tok nokre små pauser for å fotografere oss. 

               Mot slutten av turen kom vi til brua vi hadde sett opp på før vi starta: 

Vi kom opp og kunne løyse oss ut av tauet og sjå oss tilbake. Men enda var det eit godt stykke å gå før vi kom fram til hytta, som var målet. 

 Matpause og kvil før vi skal ned att, ikkje same vegen. Det var ingen servering på hytta da vi var der, mogleg det også er eit teikn på at det ikkje var høgsesong. 

Frå hytta gjekk vi til venstre og fann stig 666, som vi følgde ned. Den går i ei renne nedover. Det var ingen enkel tur. Første del er det mykje glatt berg, men det er wire godt stykke ned, så vi gjekk nærmast på huk og heldt oss i den.  Deretter var det lausgrus, guiden ville vi skulle springe på hælane, det var enklast, men vi gjekk meir forsiktig enn som så. 

Mot slutten flata det endeleg ut, og vi kom rett ned til parkeringa.