Dovrefjell: Kongevegen/Pilegrimsleia
Kongevegen eller pilegrimsleia over Dovrefjell høyrest spennande ut. Kongevegen over Dovrefjell er 10 mil lang og strekkjer seg frå Dovre kyrkje til Oppdal kyrkje. Å gå heile vegen var ikkje aktuelt, kva for strekningar skal ein da velja når ein vil gå berre eit par etappar? Dovrejenta Inger Johanne tok oppgåva med å finne passe turar til oss, samtidig fekk ho vise oss barndommens fjellrike.
Ferdselsvegen mellom Dovre og Oppdal har vore ein av dei viktigaste og mest brukte fjellovergangane i Noreg. Pilegrimsleia som går her, er ein del av Gudbrandsdalsleia, den lengste pilegrimsleia i landet, som har Nidarosdomen som mål.
Dei fysiske spora etter ferdselsrutene over fjellet som skil det Søndenfjeldske og Nordenfjeldske, kan sporast attende til sagatida og er over 1000 år gamle. Da det på 1600- og 1700-talet vart behov for meir effektiv samferdsel, kom det forordninga om bygging av betre vegar mellom landsdelane. Det finst skildringar av to kongerferder som viser at ei utbetring av vegen starta ein gong mellom 1685 og 1704. Historia fortel at den dansk-norske kong Christian 5. reiste over her sommaren 1685, følgjet måtte ri til hest over fjellet. I 1704 gjekk det ei ny kongeferd, med sonen Fredrik 4., som ifølgje kjeldene kunne gjennomføre reisa med tohjuls karjolar, det betyr ein oppgradert vegstandard.
Dei seinare åra er det gjort eit stort arbeid for å setja i stand og tilretteleggje vegen.
Første turen var Hjelle Seter - Budsjord
Vi vart eit følgje på seks, som møttest på parkeringa ved Hjelle Seter, like ved E6 (den er skilta eit stykke etter at Dombås sentrum er passert, om ein kjem frå sør). Ein bil vart køyrt til Budsjord og parkert, med tanke på tilbaketuren, for det er eit stykke frå Budsjord til parkeringa ved Hjelle Seter.
Med jamn gange tar turen frå Hjelle Seter til Budsjord om lag fire timar (inkludert marpause).
Frå parkeringa følgde vi vegen inn til Hjelle seter (for tida ikkje i drift). Derifrå gjekk stigen nordover. Det var litt vått på stigen og litt regn i lufta, men lett å gå. Etter kvart går denne stigen oppover, til den treffer på Kongevegen/pilegrimsleia (som kjem frå Fokstugu, som også kan vera eit utgangspunkt for denne turen). Herifrå følgde vi vegen sørover att, mot Budsjord.
Turen går over Allmannrøysa, som er eit av dei to høgste punkta langs Kongevegen, på 1210 m.o.h. Herifrå er det fin utsikt over fjellriket. Turleiaren framfor Allmannrøysa:
Det er fin stig å gå på i lett terreng. Etter kvart går det nedover i retning Budsjord og Dovre kyrkje.
Turen er merka heile vegen, men mot slutten kan det vera litt utydeleg kvar ein skal gå. Når ein kjem ned til bilveg, skal ein ta til venstre, før ein så går gjennom eit par gardstun. Her er det lett å gå feil. På eit av gardstuna går stigen på oversida av ein garasje, delvis gjennom grasgrodd terreng, til ein kjem til grinda mot Budsjord.
Budsjord er ein historisk pilegrimsgard, som har eit freda gardstun med 18 hus. Garden, som ligg oppe i dalsida, er nemnt i historiske kjelder alt på 1400-talet. Budsjord tilbyr overnatting, servering og omvising for pilegrimar. Vi fekk oss kaffi og kake, før vi drog tilbake til utgangspunktet.
Vi overnatta i hytte på Hageseter, der vi fekk god og billig mat.
Oversikt over heile strekninga, frå kyrkje til kyrkje:
Vårstigen
Den andre turen vi gjekk, var Vårstigen, like vakker som namnet. Det er ein kort tur, ikkje noko problem å gå fram og tilbake same vegen, sjølv om vi valde å gå berre eine vegen.
Historia til Vårstigen er eldgammal, vegen er nemnd alt i 1182 som ein del av pilegrimsleia til Nidaros. Drivdalen var trong og farleg med elva Driva som under vårflaumane gjorde at vegen ikkje var farbar. Eit alternativ måtte byggjast oppe i fjellsida.
Vi starta turen ved ein stor parkeringsplass om lag tre kilometer forbi Kongsvoll fjellstove (når ein kjem frå sør). Utgangspunktet for turen er godt skilta, og langs sjølve stigen er det sett opp mange og gode informasjonstavler. Dei fortel om Vårstigens historie som ferdselsåre, den gamle gruvedrifta, seterdrift, flora og fauna.
Vårstigen er tatt godt vare på som ferdselsveg, det er gjort mykje arbeid på vegen dei siste åra. Det er litt bakkar opp og ned, men vegen er lett å gå. Det er bygd solide bruer der ein må krysse elver.
Bratt og farleg, står det på skiltet. Og det var nok vegen i gamle dagar:
Vi er komne til punktet der vi ser mot Nordenfjeldske:
Vi avslutta turen ved parkeringa på Nestavollen.
Blome som trivst på Dovrefjell: reinrose.
Ein annan Kongeveg: Over Filefjell til Lærdal