Geiranger - Skageflå -Homlongsetra
Turen om Skageflå og Homlongsetra startar med båttur frå Geiranger sentrum til Skagehola, og fører ned til Geiranger att. Det tek 5-6 timar, i alle fall om ein reknar med båtturen.
Eg har tatt turen to gonger, med utgangspunkt i Skjåk, derifrå er det vel ein times køyretur til Geiranger. Båtturen har eg bestilt på førehand. Det er eigentleg ein sightseeingstur med guiding på tape, og den går eit stykke lenger ut enn dit vi skal, svingar og køyrer innom Skagehola. Det går fleire turar for dagen. Ein del folk hoppar av i Skagehola, andre har vore oppom fjellgarden og stig om bord.
Stigen opp til Skageflå er bratt, men den er godt tilrettelagt. Og turen tar ikkje så lang tid, ein er oppe på fjellgarden før ein veit ordet av det.
Eit stykke oppe går stigen inn i skogsområde. Men fleire stader kan ein gå utpå kanten og nyte utsynet. Dette området har også sin Preikestol.
Mot slutten av turen opnar landskapet seg att. Det er berg og grasbakkar, og reine idyllen ned til staden Homlong. Her er det også camping.
ANDRE VESTLANDSTURAR