GRAN CANARIA: Roque Nublo og andre turar

01.12.2022

Vi har dei siste par tiåra vore fleire gonger på Tenerife og Gran Canaria, og har gått mange fine fjellturar på begge øyene. Dei siste åra har det vorte mest Gran Canaria, slik som nå i november 2022. Vi hadde ikkje funne fram til desse turane utan guidebøker. Dei bøkene vi har hatt mest nytte av på Gran Canaria er "Turguide til Gran Canaria" av Anita og Birger Løvland og "De beste turene på Gran Canaria" av Olsen, Pedersen og Waldal.  Den siste boka har svært gode forklaringar, med masse bilde og piler som forklarer. Løvland har også gjeve ut boka "Turbok til Gran Canaria sør".

Vi har som oftast leigebil, da er det lett å finne fram til utgangspunkt for turane. Men det går også bussar, Løvlandboka nemner fleire nyttige bussruter. For korte strekningar bør det vera greitt å ta drosje. 

I år prøvde eg noko nytt, eg fann fram til turarrangøren Rocky Adventure, og på nettsida annonserte dei for guida turar. Eg melde meg på ein av dei, ei fin oppleving, noko eg absolutt kan tilrå, nemner den turen til sist i denne oversikta, etter dei tre andre 2022-turane. 

                                              TUR RUNDT TAURO 

Dette er ein tur vi har gått fleire gonger, fordi det er så kort veg å køyre frå Amadores, der vi har budd kvar gong. Denne turen fann vi i boka "Gran Canaria sør" av Pål H. Gjerden og Emma A. Arthur. Den har som utgangspunkt golfanlegget i Tauro og er ein rundtur tilbake til Tauro sentrum. Tuuren er på 9 kilometer og har 550 høgdemeter. 

Korleis koma til utgangspunktet: Køyr av GC-1 til Tauro, like etter ser ein skilt til golfanlegget, veg til venstre. Ved enden av vegen er det bok inn til anlegget, men det er greitt å parkere like før, der er det også ein Sparbutikk. Gå så inn på anlegget, held til venstre og passer eit golfhotell. Vidare er det grusveg rett fram, som følgjer elvedalen. 

Men her har det skjedd noko sidan sist. Store delar av grusvegen er vaska bort, det må ha vore sterke naturkrefter som har herja. Grusvegen er delvis øydelagt over ei lengre strekning, men det er likevel greitt å følgje den.

Etter snaue to kilometer tar stigen av mot høgre og går i svingar oppetter fjellsida. Den følgjer deretter ryggen vidare. Etter om lag fem kilometer tar det ein stig av frå grusvegen mot høgre, det er små vardar som merke. På det punktet har du kome så langt at du ser mot fjell lenger framme. Du kjem snart til ei inngjerning (til høgre på bildet), men stigen tar av før murane, ei steinlagt pil viser veg.

Det er litt meir ulendt på denne stigen, og det går nå nedover. Men eit stykke nede ser du ein grusveg som er lett å gå på. 

Følg denne stigen nedover ryggen og vidare heilt fram til sentrum av Tauro. Undervegs er det fin utsikt mot havet, golfanlegget, også til Puerto Rico.   

                            MONTANA TAURO - TAUROFJELLET 

Det mest slitsame med denne turen, er køyringa til utgangspunktet. Turen er forklart i boka til Olsen/Pedersen/Waldal. Stigning på turen: 300 meter. Stipulert tid: 2,5 timar.

Korleis koma til utgangspunktet: Køyr gjennom Mogan (GC-200), eit lite stykke etter vi har passert sentrum, deler vegen seg. Vi tar til høgre på GC-605, i retning Ayacata. Bratt og svingete. Etter nærmare 9 kilometer tar vi av på ein svært smal veg (GC-505) i retning Soria, køyrer 1,1 kilometer på denne vegen. Her er det lett å finne parkering. Følg vegen ca 100 meter til, så tar stigen av, godt skilta Montana de Tauro. Stigen er lett å følgje heile vegen.

Den kjem først opp på ei lita høgde, svingar så til venstre under eit berg. Stigen svingar seg oppover fjellsida, når vi er nesten oppe, står eit skilt med vegdele. Vi følgjer guideboka og tar til venstre mot toppen, og kjem snart opp på eit utsiktspunkt. Så til høgre opp ein liten motbakke, held etter kvart til venstre der stigen deler seg. 

Oppe på platået er det ein varde eller steinmur. Det var kald vind da vi var der, muren gav godt vern mot vinden. På tilbaketuren går vi ned frå platået i andre retninga, forbi varden og nedover, det er tydeleg stig. Vi kjem snart ned til stigdelet der vi gjekk til venstre på turen opp. Så er det berre å ta fatt på nedturen gjennom skogen. 

                                                 ROQUE NUBLO 

Frå platået på Roque Nublo kan ein på klåre verdagar sjå Teide på Tenerife, den høgste fjelltoppen i Spania.  

Roque Nublo er eit landemerke på Gran Canaria, eit berømt naturmonument, og det er der du finn flest turistar på vandring. Det er lett å finne fram dit, først med bil til utgangspunktet og vegen vidare. Det er skilta og merka, her kan ein gå trygt utan guidebok, i alle fall på det som må reknast som hovudstigen.

Frå byen Ayacata er det skilta, og det er tre kilometer å køyre vidare på GC-600, før du kjem til parkeringa. Frå parkeringa er det tydeleg og tilrettelagt stig opp til toppen. 

Dei fleste går opp og ned same veg, det er 220 høgdemeter. Vi har gått tre rundturar rundt Roque Nublo, i år valde vi ein kort, som er omtalt i den tidlegare nemnte guideboka til Olsen/Pedersen/Waldal: Rundtur Roque Nublo. Den totale stigninga blir da på 300 høgdemeter. 

Like før ein går siste stykket opp til platået med steinformasjonane, står det eit skilt ved eit stigdele. På tilbaketuren går ein ned til høgre her, i andre retning enn den vanlege stigen tilbake, ned i skogen, stigen svingar nokså skarpt til høgre. Her kjem vi inn på ein fin skogsstig.

Det er eit par stigskille på turen, men hald heile tida til høgre, vi går rundt Roque Nublo, og kan fleire stader sjå den på høgre hand. Etter kvart endar rundturen på stigen vi gjekk opp. 

Ein lengre rundtur frå same utgangspunkt er frå same boka, tur 11 er kalla "Rundtur på toppen av Gran Canaria". Her må ein følgje betre med på forklaringane. Etter å ha gått på baksida av Roque Nublo må ein følgje skilta mot La Goleta, der ein er i tvil. Ein fin tur, total stigning 500 meter, stipulert tid 5 timar. Turen går mellom anna nedom landsbyen La Culata. 

                                              CAMINO DE LA PLATA 

Turen med Rocky Adventure "Camino de la Plata" er ein av dei mest populære dei arrangerer. Den er på 10 kilometer og har ei stigning på 700 meter. Det er mogleg å velja ein kortare variant, i vår gruppe gjekk alle 27 den lengste turen. Den startar om lag fem kilometer frå San Bartholome i retning Ayacata. 

Camino de la Plata - eller Sølvstigen - er ein del av Caminos Reales (kongevegane) som dannar eit nettverk over heile Gran Canaria. Ein steinlagt, godt tilrettelagt stig, tar oss i svingar opp fjellsida. Når vi er oppe, flatar det ut, og vi kjem inn i skogkledd område.

Det er fleire fine utsiktspunkt, mellom anna der ein kan sjå Roque Nublo. Det går meir oppover att siste del, stigen følgjer skilting mot Pico de las Nieves, den høgste toppen, men turen vår går til ein nabotopp, Pozo de las Nieves, så vi tar av frå hovudstigen. 

Ned frå massivet følgjer vi same sti eit stykke, går mot Pico de las Nieves, men svingar til venstre mot Llanos de la Pez, dette ein rundtur som endar i eit rekreasjonsområde (rasteplass). Sidan vi er på guida tur, blir flokken henta av bussen der vi kjem ned.