JORDAN TRAIL 

22.10.2023

Jordan Trail er ein 650 km lang turstig i Jordan, etablert i 2015. Dei siste åra har fleire reiseselskap arrangert turar langs delar av ruta. Eg deltok på ein tur med Escape Travel i oktober 2023. Dette blogginnlegget har ikkje forklaringar eller tips om korleis du skal finne fram der på eiga hand, for stigane er ikkje merka eller skilta. Eg vil ikkje tilrå folk å gå der utan guide.

Det var ein ellevedagars tur som baud på mange andre minnerike opplevingar enn fotturane, Jerash med ruinane frå Romarriket, Mount Nebo (der Moses såg over til det lova landet), Dødehavet, Wadi Rum og Aqaba-bukta. Vi hadde også ein kortare fottur i området rundt Mount Nebo. Men her skriv eg berre om dei fire dagane vi vandra langs Jordan trail, frå Dana til Petra. Turen er vurdert som krevjande, men ikkje verre enn at eg klarte å gjennomføre. 

I turforklaringa frå Escape står det namn på fjell og dalar, men det er ikkje lett å finne noko godt kart som viser kvar ruta går. Det finst ein app som heiter Jordan Trail, den viser rutene på heile strekninga, mellom anna den som vi gjekk, Dana til Petra, fire dagar, 84,5 km (vi hadde transport på delar av ruta). 

Vi var 19 deltakarar pluss den norske reiseleiaren Fredrik og den lokale guiden Saleh. 

Dette bildet er tatt eit lite stykke frå der vi starta turen første dag. Dagens etappe var på 16 km, stipulert gangtid sju timar. På Jordan Trail-appen er denne etappen 23,5 km, men vi gjekk ikkje heile, berre til Feynan.

Vandringa starta i Dana, om lag 1200 m.o.h., og store delar av turen gjekk nedover. Først bratt ned på asfaltert veg, som så gjekk over til grusveg, seinare stig. 

På bilda nedanfor er vi komne eit godt stykke nedover Danadalen, der vi etter kvart gjekk langs elvebreidda. 

                                                      Turfølgjet Brit og Åge er godt i siget:   

                                   Sandstein i ulike formasjonar langs ruta nede i dalen: 

Den lokale guiden vart frista til å ta oss med på ein avstikkar, slik at vi fekk klatra litt på steinar og rote i buskas i elveleiet: 

Men vi kom snart på den breie vegen att, og følgde den til dagens mål, som var Wadi Finan på ca 250 m.o.h. 

Ved Feynan vart vi henta av jeepar, som køyrde oss ein halvannan times tur på ørkenvegar og ymse andre slags vegar til dagens camp, ca 200 m.o.h. 

Vurdering av første dagen: Ein lett etappe, fordi det gjekk mest nedover, og fordi den ikkje var så lang. det var særskilt fint å gå nede i dalen. Her var det berre å gå og gå. 

Telta var ferdig oppsette da vi kom inn i leiren. Det var dei same telta, same utstyret, same folka og kokken som var med oss alle dagane. Jeepane køyrde frå leir til leir med alt vi trong. Om kvelden fekk vi servert god middag i leiren, neste morgon frukost og matpakke. Koffertar/bagar vart frakta på same måten, så vi trong berre dagstursekk. Personar som vart sjuke eller hadde andre plager, fekk også vera med i jeepane. 

Og det vart natt og morgon andre dagen. Dag 2 var varsla til å vera den hardaste dagen, og det var den absolutt. 18 km, i alt 1200 høgdemeter, stipulert gåtid sju timar. Vi kom oss av stad litt over kl 7. Dei første par kilometrane gjekk i flatt og småsteinete terreng frå leiren. 

Så begynte motbakkane, i alt 800 høgdemeter. Denne dagen delte gruppa seg i to, fortropp og baktropp, eg var med i den siste. Vi hadde med oss esel med førar, han var flink til å finne riktig lei, fortroppen nådde vi att eit par gonger fordi guiden tok omvegar. 

                             Oppe i høgda var det flott utsikt i begge retningar: 

Etter 800 meter opp, gjekk vi 500 meter bratt ned i elvedalen. Flotte sandsteinformasjonar i ymse fargar. Her var det lett å gå dei neste kilometrane til det bar oppover att, ca 400 høgdemeter. 

Så kom vi fram til dagens leir, 800 m.o.h. Dagens nyvinning var dusj! Eit gult plasttelt med lommer til handkle og andre ting, og ein brytar til å trykke fram vatnet. For eit velvære! 

Vurdering av dagens etappe: Absolutt den hardaste, men mogleg å gjennomføre også for baktroppen. 18 kilometer, 1200 høgdemeter opp og 500 ned er ikkje all verda, men i tillegg kjem varmen som gjer det tyngre å gå motbakkar. 

Jordan Trail-appen har lagt inn rute til Ras Al Faid (leiren) på 13,7 km, det betyr at den etappen må starte ein anna stad, for 18 km passa bra med sportklokker og telefonar vi brukte for å måle. 

Frå denne leiren kunne vi sjå delar av morgondagens rute, ei kvit stripe langs den bratte fjellsida i det fjerne:

Neste morgon ved 7-tida var vi klare for tredje etappe. Vi gjekk tilbake eit lite stykke der vi kom dagen før, før vi tok av på ein stig vidare. Turen skulle vera 18 km, stipulert gåtid seks timar. Etappen avvik noko frå den som appen viser frå Ras al Faid til Lille Petra (22,8 km). 

Turen denne dagen var variert, det gjekk litt opp og litt ned, til saman 6-700 høgdemeter opp i løpet av etappen. Ein dag med flott utsikt over fjell og dalar og ørkenlandskap. 

Vurdering av dagens etappe: Dette var langt lettare 18 km enn dei vi gjekk dagen før. Det var ein lett og god tur å gå, med flott utsikt i alle retningar. 

Siste leirplass blant trolske sandsteinar. Vi gjekk ikkje til Lille Petra som det stod i reiseskildringa at vi skulle, men vi gjekk om lag like langt som planlagt (18km), og det var ein flott plass å ha leir. Stemning da mørkret senka seg: 

Neste morgon var vi klare for den fjerde og siste etappen vår på Jordan Trail. Denne dagen var det ingenting som stemte av opplysningane vi fekk om ruta (som skulle vera så kort at vi ikkje trong sekk), det Escape skriv i si ruteforklaring, og det vi faktisk gjekk. Vi var ikkje i Lille Petra, derimot gjekk vi først dit, ca 12 km, som skulle vera lengda på dagens etappe. 

Vi starta med å gå nokre kilometer på asfaltveg, så grusveg, før vi skar ut i terrenget. Og det terrenget var variert, til dels med ein vanskeleg kneik. Men vi kom på eit betre spor etter kvart, og snart kunne vi begynne på trappene opp - og ned til Lille Petra. 

Lille Petra (Sik al-Barid) var den nordlege satelitten til hovudbyen Petra. Arkeologar meiner den vart bygd samtidig med Petra. Byen var ein gong ein handelsstasjon, der kamelkaravaner kunne få forsyningar på veg til og frå Petra. Her såg vi det første monumentet på turen som er gravd ut i sandstein, Triclinium.  

Etter planen skulle dagens etappe ha starta her og enda i Petra. På Jordan Trail-appen er den 12,6 km lang og tar 3-4 timar. 

Frå Lille Petra tok vi shuttlebuss nokre kilometer, før vi begynte på trappene opp til Petra, og Klosteret (Monastry) kjem til syne. Det vart sagt at det tok halvannan time å gå opp, men det tok under halvparten av den tida. (Dei som stod langs ruta og selde eselfrakt, sa tre-fire timar!) Trappeturen var ei oppleving i seg sjølv. 

Vi kom nå inn bakvegen til Petra. Etterpå var det minst like mange trappesteg å gå ned att til ein restaurant som ligg ved inngangen til hovuddelen av oldtidsbyen Petra. Dagens etappe var så langt på 19 km, dei fleste gjekk også resten av turen til hotellet, 5-6 km til, det som skulle vera turens kortaste etappe vart altså turens lengste. 

Vurdering av dagen: Første del av turen var meir som ein transportetappe, men det vart meir interessant når vi gjekk av frå bilvegen, sjølv om vi kom litt feil ut ein plass. Det vart eit mysterium korleis den kortaste etappen kunne bli den lengste, men det var ingen slitsam tur. Den norske turleiaren noterte flittig undervegs, så dette blir nok justert til seinare Jordan Trail-turar.  Og uansett så står det i programmet at deltakarane må vera førebudd på endringar. 

Her var det slutt på våre fire dagars vandring langs Jordan Trail. 

Takk til våre superflinke norske reiseleiar Fredrik Huth Jensen. Heldige alle som får med seg han på Jordanturen!  

Eit par bilde frå Petra til slutt.

Petra er den store attraksjonen i Jordan, oldtidsbyen er på Unescos verdsarvliste. Den var hovudstad for nabatearane, eit arabisk, nomadisk folk. Det siste hundreåret før vår tidsrekning var Petra ein by med fleire titusenar innbyggjarar, berre teatret hadde plass til 8000 personar. Byen vart seinare erobra av romarane.

Etter fire dagar med fotturar kunne vi neste dag ta oss god tid i Petra. Vandre gjennom kløfta, oppleva Treasury, frå botnen og frå høgda. Dei praktfulle utskjeringane i den raude sandsteinen er gravmonument.