KRETA: Loutro - Anapolis - Aradenaravinen
Dei to gongane eg har gått Aradenakløfta, har vi starta turen i Loutro. Vi går da opp den bratte fjellsida mot byen Annapolis.
Nede i sentrum i Loutro er det skilta mellom anna til Annapolis. Stigen oppover er merka, delvis med raudt, delvis gult/kvitt. Den er godt tilrettelagt, med store svingar, så det kjennest ikkje så bratt ut.
Om hausten er det ikkje så mange blomar, men denne planta gledde oss på septemberturen:
Eit godt stykke oppe går stigen lenger mot høgre, forbi inngjerda tre. Her kjem vi inn på ein kjerreveg. Men snart tar stigen av frå denne breie vegen og opp til venstre. Mot himmelranda kan ein sjå ei borg, den som vil, kan gå den ekstra biten bort til den.
Turen opp til det høgste punktet tar oss litt over to timar. Når ein kjem opp, opnar landskapet seg nordover, slik at ein ser byen Annapolis, og høge fjellrekkjer bak.
Vi følgjer nå asfaltvegen til Annapolis sentrum. Her har vi på begge turane meint at det kan passe med tidleg lunsj.
Men det er mykje att av turen. For å koma til Aradena-ravinen må vi først finne vegen til Aradena. Etter lunsjbesøket går vi til venstre på asfaltvegen, her står det både kart og skilt mot Aradena. Det er nærmare 3 kilometer å gå på bilveg, men det går an å ta ein snarveg, den visest også på kartet:
Forklaringa er å gå til vi kjem til ei rundkøyring ved ein kyrkjegard, der tar vi vegen til venstre, forbi kyrkjegarden:
Dette er ein asfaltveg, som så går over til grusveg. Like etter det har vorte grusveg, tar stigen av til høgre. Vi går nå over eit område med mykje stein, men med grei stig. Ved sida av den smale stigen dukkar det opp ein breiare, begge fører inn på bilvegen att. Og da er vi snart i Aradena. Stigen som fører ned til kløfta er merka med raud pil på høgre side av vegen.
Om ein vil, kan ein gå vidare på bilvegen, over ei bru, som fører til landsbyen Aradena. Bråket frå brua følgjer ein langt nedover kløfta, det smell skikkeleg når bilar køyrer over. På andre sida av brua er det ein kafe, der ein til dømes kan kjøpe is og kaffi.
Denne ruinlandsbyen har ei trist historie frå nyare tid, den ligg her forlatt, delvis på grunn av blodige, lokale vendettaer for berre få generasjonar sidan. Men området har historie langt tilbake, Aradena er delvis bygd på ruinane av det antikke Aradin, som blomstra i romersk, bysantinsk og ventiansk tid. Den gongen var det tyrkarane som øydela, både i 1770 og 1867.
På begge sider av kløfta er det godt oppbygd stig som går i hårnålsvingar ned dei bratte sidene. Stigen nedover i sjølv ravinen er ikkje så lang, 4,5 km, men det tar si tid. Den går delvis på lett grusstig, men også opp og ned bratte trapper med rekkverk i ymse tilstandar.
Stigen er merka i ymse fargar, enkelte stader må ein følgje godt med, for vi skal også klive over store steinar og blokker, der det ikkje alltid er så lett å sjå kvar vegen går.
Om lag midtveges går det av ein stig til venstre, til Lividiana. Ein alternativ tur er å gå Loutro - Lividiana - ned i kløfta og følgje den ned til stranda, og så gå kysten tilbake til Loutro. Den rundturen er nr 9 i boka "35 fotturer på Kreta" av Julia og José Benito.
Men vi følgjer kløfta vidare nedover mot havet. Om våren (særleg) er det blomstrande oleander på begge sider.
Og snart ser vi havet. Vi kjem ned til Marmara-stranda, der det er mogleg å få seg mat og drikke, og havet fristar med eit bad. Den som ikkje har gått langt nok, kan gå kyststigen til Loutro att, vi tar båten.
Turen som er skildra her, er på 16 km, stigninga er på 500 høgdemeter, går ein tilbake til Loutro utan å ta båt, blir det 20 km.
Aradena-ravinen sett frå sjøsida: