LOM: Olavsråket

07.11.2022

Olavsråket har namn etter kong Olav Haraldson, seinare Heilag-Olav, som kom over fjellet her frå Lesja til Lom (som den gongen var Lom og Skjåk, som bildet viser). Den delen av turen som blir kalla Olavsråket, vart merka som det i 2021, 1000 år etter at kongen kom hit for å kristne dølafolket. 

Turen startar i Lom. Du kan gå frå sentrum eller køyre over Tronoddbrua, det er god plass til å parkere bilar like ved der stigen går opp.

Første etappe er å koma seg opp Tronoberget, det er den brattaste delen av turen, om lag 500 høgdemeter opp. På denne etappen kan ein ta pauser og nyte utsikta. På bildet mot Liabrua. 

Vel oppe på Tronoberget er det tyngste unnagjort. Herifrå går det lettare gjennom skog og opp på snaufjellet. Skilta viser veg til Geitupphøe, Olavsråket og Stavåsen. 

Eit stykke oppe deler stigen seg, til høgre går stigen til Geitupphøe, Olavsråket begynner her og er merka vidare med gult. 

Nå er vi inne på stigen som fører til Olavsråket, til området der Olav den heilage skal ha kome med sine menn frå Lordalen. 

Stigen går forbi vatn og i slak oppoverbakke til høgste punktet på turen, Øvre Bergetjønn (1060 m.o.h.) 

Det er synd å brenne så fager ei bygd, skal den godaste Heilag-Olav ha sagt da han kom frampå og såg nedi bygda. Han venta seg visst motstand, men dei fleste tok ved trua.

Stigen følgjer den gule merkepinnane slakt nedover mot Stavåsen. Der ligg den fine Staurustsetra, med utsikt mot Skjåk. Siste del av turen hit går i eit område der det har vore noko arbeid med vatnet, i august 2022 var det merke etter anleggsmaskin. Men det er den stigen du følgjer fram til setra, om det skulle vera tvil.

Her på Stavåsen møter du den gamle ferdselsvegen frå Lesja som kongen skal ha kome.

Her er det sett opp ei informasjonstavle om kong Olav og Olavsråket. Her får vi nærmare forklaring på kvar ferda til kongefølgjet over fjellet gjekk i 1021. 

Frå Stavåsen går det skogsbilveg ned til elva og garden Staurust. Men Olavsråket følgjer den gamle setervegen nedover. Litt bratt enkelte stader, og da eg gjekk der i august, var det fleire plassar vått i stigfaret. Det er fleire informasjonstavler, mellom anna om Heilag Olav-steinen. den skal kongen ha kvilt på da han gjekk nedover. Da han sette seg, skal steinen ha forma seg etter kroppen. 

Stigen kjem inn på skogsbilvegen eit stykke, men skjer raskt til venstre inn i skogen att. Råket fører ned til Skim (Ottaelva), der finn vi informasjon om kvar kongen tok vegen vidare. 

Råket går tilbake mot Tronoddbrua langs vatnet. Det er merka med gult eit stykke, så er det ikkje lenger Olavsråket, vidare er det merka med raudt. Langs vatnet er det lett å gå, sjølv om stigen ikkje er like fin heile vegen som det bildet viser. Det er om lag 4 kilometer å gå langs vatnet tilbake til Tronoddbrua. 

Frå Lom sentrum er rundturen på vel 14 kilometer, eit par kilometer kortare om ein startar frå Tronoddbrua. Høgdeforskjellen frå Skim til Øvre Bergetjønn er 650-700 meter.