OLDEN-JØLSTER: Oldeskaret

15.12.2022

Denne turen går frå inst inne i Oldedalen (Olden i Stryn), over Oldeskaret til Stardalen i Jølster. Turen tar oss gjennom ei gammal ferdselsåre frå Nordfjord til Sunnfjord. I gamle dagar møttest bygdefolket frå Stardalen og Oldedalen til sommarstemne ved Oldeskaret.

Lengda på turen er i underkant av 10 kilometer, høgdemeter totalt er ca 1200. 

Utfordringa er at det er langt mellom startpunkt og mål. Vi hadde to bilar, køyrde først inn Stardalen (tar av frå E39) og vidare Haugadalen (bomveg, bratt skogsveg, måtte betale med kontantar i 2021) og parkerte ved Haugastøylen. Den andre bilen køyrde vi inn Oldedalen til startpunktet. Vi hadde bestilt hytte via Briksdalsbre Fjellstove, slik at vi kunne starte turen tidleg om morgonen. Ut.no stipulerer turen til å ta fire timar, vi rekna med å bruke meir, og det gjorde vi også. 

Turen startar på Melkevoll Bretun, avkøyring like før Briksdalsbre fjellstove, når ein kjem inn dalen. Stigen går eit stykke innover i dalen før den tek til høgre (vestover). Første delen av turen er bratt, men stigen er oppgradert med steinlegging og sikring (i 2014), slik at det ikkje er vanskeleg å gå. 

Eit opplagt fotomotiv, opp steintrapp i eit skar (ikkje Oldeskaret): 

Fin utsikt nedover den lange Oldedalen, køyreturen inn dalen er ei oppleving i seg sjølv. 

Etter at den brattaste delen er over, kjem vi inn i eit slakare terreng, med god utsikt til Briksdalsbreen i bakgrunnen. Turen går vidare mot skaret, som ligg på 1100 m.o.h. 

Frå skaret går det i lettare terreng mot Stardalen. Vi passerer Storevatnet, og går her i ein del stein på høgre side. 

Det er eit par nedstigingar etter Storevatnet før ein kjem ned på den siste flata. På den strekninga får ein Haugabreen i bakgrunnen. 

Vi har kome oss ned på flata, over bru, og er snart på Haugastøylen. Skilt viser her mot Oldeskaret og Briksdal (der vi kom) og mot Haugabreen. Vi følgjer merka stig mot Haugastøylen og parkeringa, der vi sette att bilen dagen før. Det er ikkje like mange høgdemeter ned, for parkeringa ligg på ca 650 m.o.h. Så må vi koma oss inn Oldedalen att, for å hente bilen som står der. 

Det er sjølvsagt mogleg å gå turen utan to bilar, anten ved å bruke to dagar og gå tur-retur, eller å ha Oldeskaret som mål, frå den eine eller andre kanten, og gå tilbake.