SKJÅK: Lundadalen
Når eg skal ta med besøkande på ein fjelltur i Skjåk, vel eg gjerne Lundadalen. For meg er det den vakraste dalen. Og den er så variert. Det er liksom dalen til oss som kjem frå Lundagrenda i Skjåk. Men råket er også DNT-merka, den stigen går vidare til Trulsbu og andre hytter i Breheimen.
Turen startar ved dei heimste setrene. For å koma dit, køyrer ein av frå Lundavegen, om lag 3,5 kilometer frå avkøyringa frå Rv 15 i begge retningar. Skiltet viser mot Lundadalen, vegen går forbi ein del bustadhus før den møter bom (som kan betalast med Vipps) og kjem inn i sjølve dalen. Vegen fører fram til dei heimste setrene, der det er parkering.
Stigen går over brua ved parkeringa, og følgjer DNT-merkinga. Det er delvis stigning fram til neste bru, som går over fossestryka, og er over på vestsida att. Begge desse bruene vart tatt av flommen i 2018, nye kom på plass sommaren 2019. Det er lett stigning oppover. Etter om lag 3-4 kilometer kjem ein til Isakbua, ei gammal steinbu, taket stikk opp eit par meter frå stien. Der kan ein gå inn og skrive namnet sitt i boka.
Etter enda ein kilometer blir staden kalla Ytste Reset, og her opnar landskapet seg, elva Skjøle renn i rolegare stryk og Hestbrepiggane (fleire på over 2000 meter) kjem til syne.
Det er fint å ta ein rast ved dei ytste setrene, og det er også ein fin tur om ein snur her og går tilbake. Turen frå heimste til ytste setrene er om lag 6 kilometer.
Stigen vidare går i lett terreng langs elva Skjøle. Eit stykke lenger inne ligg ei av hyttene til Skjåk almenning, Sauhytta, som det går an å leige. På nettsida til hyttene står det at det sommarstid er 10 kilometer til bilveg og inn til hytta.
Mellom ytste setrene og Sauhytta gjekk DNT-stigen til Trulsbu (og vidare inn i Breheimen) tidlegare over ei bru. I dag tar denne stigen av nærmare Lundadalsvatnet. Det står eit merke som viser både gammalt og nytt stigdele.
Ikkje så lenge etter at Sauhytta er passert, kjem den første Lundadalshytta til syne langt der framme. Den ligg eit stykke opp frå vatnet. Elva renn roleg på denne strekninga, og deler seg som eit delta.
Så er Lundadalsvatnet der, med Vesldalstinden midt imot. Stigen mot Trulsbu går på andre sida av vatnet. Vatnet ligg på 1149 moh. Høgdemeter totalt 546.
Etter nokre timars vandring kan det vera godt med eit bad.
På pulsklokka mi er lengda på turen inn til vatnet om lag 14 kilometer. På ut.no står det 12,5. Det er ein lett tur, og ikkje noko problem å gå fram og tilbake som ein dagstur.