SKJÅK: Sveinbu
Sveinbu er ei hytte som tilhøyrer Skjåk almenning, og som ligg like ved Breheimen nasjonalpark i fjellet mot Lordalen. Turen dit kan gjerast som ein dagstur (med lett oppakning), eller ein kan tinge overnatting på hytta.
https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie/sveinbu
Frå Vikhø på Aursjoen er det om lag 10 kilometer inn til hytta, og det er lett å gå. Turen tar om lag 3,5 time kvar veg.
For å koma til utgangspunktet køyrer du av solsidevegen i Nordberg, fylkesveg 485 mot Jøingli. Aursjovegen tar av til høgre 5 km vest for Bismo. Denne vegen er ikkje brøyta vinterstid. Oppe på fjellet, like før du kjem til vatnet, er det ein stor parkeringsplass.
Det går ogå ein merka stig frå Stamsetra, ved avkøyringa dit er ved turskilt mellom anna til Stamseterhovden, ved Riksveg 15 i Billingsdalen.
Denne artikkelen skildrar ruta frå Aursjoen.
Frå Vikhø går stigen over nokre høgder før ein kjem til Aursjotjønn, ein idyllisk plass med nokre private hytter. Turen dit tar 35-40 minutt.
På bildet over ser du Lendfjellet og Tverrfjellet i bakgrunnen.
Stigen frå Vikhø mot Aursjotjønne ein augustdag, med røsslyng i landskapet.
Ved vatnet er det fint å ta ein kvil, kanskje helst på heimveg. Og eit bad i tjønna om veret er bra.
Frå Aursjotjønne er det jamn stigning oppover, stigen følgjer Skridugrove. Her er det utsikt både til Aursjovatnet og Aursjotjønne. Stigen går altså mellom dei to vatna du ser i bakgrunnen på bildet under.
På steinar over grove:
Eit av høgdepunkta på turen er å koma til staden der du ser Lortjønnene. Da ser du også mot fjella der Sveinbu førebels gøymer seg. Stigen går mellom dei to tjønnene på bildet.
Tidleg på sommaren kan det liggje ein del snø, så ein må over nokre fonner. Ver obs på merkinga når steinar med merke kan vera dekt med snø.
Stigen og merkinga er ikkje vanskeleg å sjå utpå sommaren:
Forbi vatna, eit stykke vidare innover, opp til høgre og vidare, vidare. Så dukkar hytta opp:
Sveinbu ligg på 1342 moh. Aursjotjønn ligg på 1100, Aursjovatnet er regulert, så det høgde varierer, i underkant av 1100. Så det er ikkje så stor høgdeforskjell frå start til hytta.
Her vi Sveinbu tar vi oss alltid god tid, med mat og kaffi, kvile på steinen, sjå utover fjellheimen i alle retningar.
Tid til ein stopp ved Aursjotjønne på heimveg:
Snart ved parkeringa på Aursjoen att:
Ein annan fin tur, lett og litt lang i Skjåk: Lundadalen