STRYN: Segestad - Glomnessetra
Garden Segestad er ei perle i Stryn, nærmare bestemt ved i Hjelle ved Oppstrynsvatnet.
For å koma til Segestad, køyrer du av rv 15 til Hjelle, derifrå vel ein kilometer på gardsveg til garden Glomnes. Før du kjem til garden, er det parkeringsplass (avgift). Det er om lag 500 meter å gå langs vegen vidare til brua på Glomnes, stigen startar på venstre side av elva Glomsdøla.
Ein godt utbygd stig går bratt i svingar opp dit. Den fråflytta garden ligg på ein fjellknaus, ca 300 høgdemeter opp frå vatnet. Turen opp er 3,2 kilometer, og tar ein times tid.
Husa er frå ca 1908 og var i bruk til 1961. Men staden har ei lengre historie. Garden er i nyare tid restaurert av stiftinga "Segestads vener" og er open for besøkande. Det er sett opp informasjonstavler om livet her i gamle dagar.
Det gamle namnet på fjellgarden var Sigvaldstadir, staden til bonden Sigvald. Garden var ein dei mest velståande gardane i Oppstryn på grunn av dei gode forholda for jordbruk i Glomsdalen.
Det er flott utsikt til vatn og fjell i fleire retningar.
Tilbake kan ein gå same stigen, men eit alternativ er å gå ein runde om Glomnessetra. Stigen vidare går opp frå garden. Da vi gjekk der, var det høgt gras og vanskeleg å sjå merka, så vi gjekk først feil. For å koma inn på rette stigen går ein opp bakkane og heilt til høgste høgre hjørnet på dyrka mark. Det er ganske tett skog på denne sida av elva, men stigen inn Glomsdalen er tydeleg og lett å gå.
Når ein kjem inn til Glomnessetra, går stigen på bru over Glomsdøla og vidare ned på andre sida av elva. Der passerer ein to fine og restaurerte sel.
Mens stigen mellom Segestad og Glomnessetra går i tett lauvskog, er det opnare og tørrare terreng på andre sida, der turen går ned att til Glomnes. Det er fint å gå, med Glomsdøla og fossen på høgre side.
Når ein nærmar seg dyrka mark, er skogen tettare, her tar ein til venstre inn langs gjerde/steinmur. Da kjem ein etterkvart tilbake til parkeringsplassen.
Denne rundturen er ca 6 kilometer.