VIA FERRATA: Loen, Tyssedal, Synshorn, Sjoa

17.03.2023

Første gongen eg gjekk Via Ferrata-tur, var i Dolomittane tidleg på 80-talet. Det er da også i Italia dei først begynte med slike jarnvegar, med boltar, vaier og ståltrinn opp i fjella. Historia går tilbake til første verdskrigen, der det vart bygd ruter i Dolomittane, slik at militæret enklare skulle koma fram i bratt lende. Klettersteig som det heiter på tysk. Dei seinare åra har det dukka opp stadig fleire tilbod her i landet også. Sidan 2018 har eg prøvd fire av rutene, saman med mi faste Via Ferrata-venninne Brit. 

Å gå Via Ferrata kjennest ikkje farleg ut, så lenge ein stoler på sikringane. Men det er luftig. Mens du går, festar du karabinkrokar frå klatresele til stålwirar, hengebruer og jarntrinn som er festa i fjellet.

Her skal eg skrive om kvar av dei fire rutene  vi har gått i Norge. Alle turane har vi gått med guide.  

           VIA FERRATA LOEN

Via Ferrata i Loen (vanlegaste rute) er ein tilrettelagt tur på ca 880 høgdemeter (1010 om ein går vidare opp til Hoven). Turistsenteret der du leiger utstyr, og eventuelt møter guidane, ligg like ved Alexandra hotell. Det er eit stykke å gå oppover lia til innsteget, altså der "jarnvegen" startar. Går ein utan guide og kjem med bil, kan ein køyre eit stykke oppover.

På denne turen brukar ein hender og armstyrke meir enn på dei andre rutene vi har gått. Ruta har færre kunstige trinn, på den måten liknar det meir på klatring. Vi drar oss opp ved hjelp av wiren, like mykje som vi bruker beina. Derfor var vi utstyrt med hanskar og gode sko, resten (klatresele, hjelm, karabiner) var inkludert i prisen frå turoperatør. 

Etter at vi hadde lært teknikken, gjekk vi mesteparten av turen for oss sjølve.  Det var to guidar med, men dei "sleppte laus" dei som ville, så vi slapp å vente til alle i følgjet var samla. 

Eit høgdepunkt på ruta er wirebrua over Gjølmunna, den lengste via Ferrata-brua i Europa, med sine 120 meter. Brua ligg 750 meter over havet, og går over det 160 meter djupe gjelet. 

Ein del plassar er det festa steg (stålbøyler) i berget, særleg på dei brattaste punkta, som gjer det lettare å få feste for beina. 

Turen har ei utfordring som er valfri. Når du nærmar deg toppen, kan du velja alternativet over Gjølmunnestrengen, som er ei 36 meter lang wirebru. Der går vi berre på ein streng, men med godt feste i wirar for karabiner og hender. Alternativt kan ein gå utanom.

Frå punktet der vi er ferdige med Via Ferrata, kan ein gå vidare opp til Hovden. Der er det restaurant og Loen skylift, som vi tok ned. Det er ingen god stig/veg ned, i alle fall var det ikkje det i 2018.  Ruta har vanskegrad A til D. Alternativet på stålstrengen er gradert E (ekstremt vanskeleg). Wirelengda på turen er 850 meter, sjølve turen er 3,4 km. 

Men Loen har også nye og vanskelegare ruter.  I 2019 opna Norges tøffaste rute her, med vanskegrad F. 

         VIA FERRATA TYSSEDAL

Her følgjer vi i fotspora til rallarane, dei som bygde kraftstasjonen i Tyssedal. Så dette vart ein tur med kombinasjon naturoppleving og innføring i industrihistorie og vasskrafthistorie.  Turen startar ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og Tysso 1 kraftverket. Den følgjer røyrgata oppover til overvakingshuset på toppen av fjellet, Lilletopp. 

Denne ruta har langt fleire stålbøyler enn ruta i Loen, men så går det også brattare opp mesteparten av vegen. Her er det bruk for bøyler til både hender og føter. 

Det er også tid til pust i berget, mens guiden informerer om historia. 

Viss vi skal samanlikna turane Loen og Tyssedal, er det uråd å seia kven som er lettast/vanskelegast. Dei er rett og slett veldig ulike, derfor var det fint å ta desse turane etter kvarandre.

Via Ferrata Tyssedal er gradert middels vanskeleg, og kan vera ein fin tur å starte med når ein skal prøve seg på jarnvegen. Den er rekna til å ta fem timar. 


Utsikt ned til Tyssedal. Når ein kjem opp til vakthytta, er det eit lite stykke å gå vidare på beina til toppen, der det er enda finare utsikt. Ja, det blir sagt at det er like fint som på Trolltunga.

Turoperatøren arrangerer også Via Ferrata-tur til Trolltunga, den er litt meir krevjande. 

Det går vanleg stig frå toppen og ned til Tyssedal.  Meir om tilboda i Tyssedal og påmelding her.

        VIA FERRATA SYNSHORN 

Synshorn ligg ved Bygdin på Valdresflya, Via Ferrata-ruta vart etablert i 2015. Det er 400 høgdemeter frå riksvegen opp til toppen. Denne turen er rekna til å ta tre til fire timar, og er altså litt kortare enn dei rutene vi har gått tidlegare. I teknikk liknar den mest på Via Ferrata Tyssedal, med mange stålbøyler for hender og føter. 

Turen krev guide, om ein prøver seg på eiga hand, møter ein på stengsel eit stykke oppe i berget.

Også Synshorn har ei alternativ og meir krevjande rute. Les meir om Synshorn Via Ferrata her

Det er ein vanleg turstig frå Bygdin og opp til Synshorn, denne stigen går vi ned, ein fin tur i tillegg til den vi hadde opp. 

              VIA FERRATA SJOA 

Via Ferrata Sjoa vart opna i 2022.  For å koma til startpunktet køyrer vi av E6 (om du ikkje kjem via Heidal) ved Sjoa på Heidalsvegen. Vi fekk forklart vegen fram til utgangspunktet når vi melde oss på (køyrer av frå Heidalsvegen til høgre på Sjoavegen, deretter til venstre på Åmotsvegen), for også her var vi med på guida tur. Men denne turen kan ein også gå på eiga hand, ved å betale avgift og eventuelt leige utstyr, om du ikkje har sjølv. I omtalen står det at du berre kan gå på eiga hand etter kl 16. 

Via Ferrata Sjoa kan fint kombinerast med rafting i elva Sjoa.

Turen byr på utsikt over Sjoa og fjella rundt. Vi klatrar her i veggen opp mot Slåfjellet. For å koma til innsteget, vart vi frakta med bil eit stykke oppover, og vidare til fots gjennom skogen. 

Dette er den kortaste av Via Ferrata-rutene vi har gått. Kanskje brukte vi berre eit par timar opp til toppen av berget. Så var vi også berre fire deltakarar, og di færre som er med, di raskare går det. Her hadde vi knapt pauser på vegen opp.

Det er ikkje oppgitt gradering i omtalen av turen, men ut frå erfaring kan vi kalla den medium. I alle fall om ein vel å stå over utfordringa på toppen.

Siste etappen på denne turen går nemleg over ei wirebru, ei tretti meter lang balansebru over eit juv, der det er 150 meter rett ned. Denne delen er valfri.

Eg var den av deltakarane som skulle gå over først, men eg opplevde den som vanskelegare enn wirebrua i Loen. Truleg fordi wirane å halde i, var slakkare her. Da vart armane like ustødige som beina. Den eine guiden sette seg derfor ned og stramma, slik som bildet viser, da svinga ikkje armane like mykje. Alle som ville, kom seg greitt over.

Turen går på stig og veg nedover att til bilparkering. 

Heidal Rafting og Via ferrata